øØø

1.

*|*|*|*|*|*|*|*|*|*|*

Himmel|Himmel|Himmel

Sky|Sky|Sky|Sky|Sky|Sky

Tak|Tak|Tak|Tak|Tak|Tak

Isolasjon|Isolasjon|Isolasjon

|      |    ||       |       | |     |

Vegg|Rom|Vegg|Rom|Vegg

Golv|Golv|Golv|Golv|Golv

Isolasjon|Isolasjon|Isolasjon

Fundament|Fundament

Jord|Jord|Jord|Jord|Jord

*|*|*|*|*|*|*|*|*|*|*|*

 

2.

På dødsleie vil eg føle

At livet var kapsla i

Rav

I rav spør du

I rav svarar eg

Men rav spela ingen rolle i livet ditt seier du

Ingen tenker eigentleg på rav

Jurassic Park tenkte på rav

Jurassic park populariserte rav

Så du kan ikkje bruke rav i dikt

Det blir for useriøst

Daud og Jurassic park skal ikkje diktas om

 

3.

Kvelden du bruka på å gråte og lime på plass bitar av glassuveniren du hadde fått av farmora di då ho hadde vore på ferie, og måten du kikka opp på meg då eg lista meg inn døra i smug fordi eg hadde vore ute for lenge og eg veit at du ikkje sett pris på at eg har lause avtaler som tek lenger tid enn det dei plar, og berre fordi eg ikkje klarar å gå lydlaust inn i vår felles gang skal eg stå til retts og trøyste deg med at den suveniren sikkert var ganske billig og blotta for affeksjon på den eine sida, og at du legg for mykje tanke inn i den, og at bestemora di kjøpte sikkert mange av den og gav til alle barnebarna sine fordi kreativitet og suvenirhandling ofte ikkje går hand i hand og fordi suvenirar kjøpt i suvenirbutikkar ofte er blotta for originalitet men kanskje også fordi dei som produsera dei vil at det skal matche andre liknande suvenirar, som tvingar deg til å samle på dei, enten i forskjellige fargekombinasjonar eller med forskjellige stadnamn slik som hard rock café t-skjorta eg har på meg no som eg har mange liknande av, med den vesensforskjell at det er forskjellige land den har vore innom før dei samla seg heime i min og din felles kommode. Trass dette skapar eg empati.

 

~Peanøtt

Advertisements

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s